
Selevik skule
Selevik skule er ein tre-delt barneskule med 24 elevar fordelt på 3 klassar og 6 klassetrinn. Frå skuleåret 2020/2021 er også 7. klasse tilbake.
Skulen har inkludert rektor, seks lærarar og ein assistent i ulike stillingsstorleikar.

SFO
-for elevar i
1.-4. klasse
Leksehjelp
-for elevar i
5. – 7. klasse
Felles lunsj
Kvar fredag er det
felles lunsj.
Alle elevane og vaksne et då lunsjen saman.
Fruktstund
Elevane får oppskoren frukt kvar dag,
før fyrste friminutt




Skulen har eit flott uteområde - med mykje natur og stor boltreplass for elevane.
Eigen kunstgrasbane med fotball- og volleyballbane. Banane er mykje i bruk i friminutta (og ettermiddagane) og fungerer som skulens «gymsal».
I tillegg nyttar skulen uteskuleområde rett nedanfor skulen. Ved Bergatjødno har skulen laga til Gapahuk, bålplass og kanoar. Skulen nyttar også turløyper med klatrejungel og gapahuk som fine turmål for 1.-2. klasse.


Utviklingsområde
Lesing: Selevik skule nyttar leseplanen for Fitjar kommune, og har fokus på lese- og læringsstrategiar. Me vil skape eit større engasjement for lesing ved å ha årlege leseprosjekt, dagleg høgtlesing og stillelesing på alle trinn, bokkassar i alle klasserom, bibliotekbesøk i Fitjar - og Bokbåten.
Det er god bruk av skulebiblioteket, og me har eit rikt utval av litteratur. Elevane har fast lånetid kvar veke. Me vil auke elevane si leseforståing ved å ha stort trykk på leseopplæringa heile året, i alle fag.
"Målet er å skape leseglede for elevane våre"
Godt læremiljø
Sosiale aktivitetar på tvers av trinna: sosial samling med underhaldning av elevane, skulelunsj, fiskedag, fjelldag, temaveke med «Open dag», mattedag, Selevik Prix, uteskule.
Utviklingsområde
FYSAK:
Skulen har FYSAK fastsett på timeplananane.
Desse øktene inneber fysisk aktivitet med fagleg innhald. Dette gjer at elevane får minst ein halv time fysisk aktivitet kvar dag (glosestafett, gongetabell-hinderløype, stjerneorientering, osv).
Elevane vil med dette oppnå betre konsentrasjon i alle fag, gi dei nye meistringsområde - og auka aktivitetsnivået til deira (få opp pulsen litt kvar dag).