
Nærmiljøanlegg
Ved Selevik skule ligg eit flott nærmiljøanlegg med kunstgrasbane og utandørs vollyball/badminton bane.
Anlegget er fritt for alle og blir nytta både av skulen og som samlingsstad på ettermiddagar.
Banen har belysning.

Akebakke
I Westerheim samlast ein gjerne for aking og leik når vinterværet slår til.
Her er det benk og storgrill. Nytt i 2022 er at bakken får belysning og snøkanon.

Klatrejungel
Ved Skomyro langs turløypa mellom Fiskaneset og Selevik skule er det ein liten klatrejungel for store og små. Ein populært stad for bla, barnehagen.

Gapahuk
Langs turstien mellom Fiskaneset og Selevik Skule finn ein i tillegg til klatrejungelen også ein gapahuk. Her er det fint å tenne opp i bålpanna.

Badeplass
Her kjem meir info.

Kanopadling
I Bergatjødna nedanfor Selevik skule ligg det kanoar alle som ynskjer kan nytta.
Kanoane er eigde av velforeninga.
