top of page

Dåfjorden Barnehage

  • Facebook - svarte sirkelen

Dåfjord barnehage held til i bedehuset i Dåfjord. I tillegg til bedehuset nyttar barnehagen eit stort flott område på tomta til eigarane Solbjørg og Magnor. Her har ungane ein fantastisk boltreplass med store bakkar, lavo, fruktrær, leikehus, grønnsakhage, høner, kaniner og mykje meir. 

I tillegg er barnehagebuss flittig i brukt og borna er ofte på små og store utflukter og turar. Bussen vert nytta til alt frå bibliotekbesøk og kulturarangement til å besøka nye spanande turløyper og gardsbesøk.

Barnehagen har eigen kokk som står for alle måltid og ein typisk frokost består gjerna av havregraut, sunne vaflar, gresk youghurt med musli eller brødskiver. Til lunsj blir det servert varm mat, samt frukt og grønt på ettermiddagen. 

bottom of page