top of page

Ynskjer du å etablera deg i Dåfjorden, eller kanskje lyst til å vere med skapa nye bumiljø i fantastiske omgivelsar?

 

Dei siste åra har det vore ei jamn auke i tilflytting og nybygde bustadhus i Dåfjorden, mykje takka bustadfeltet "Fiskaneset" som ligg mot Stokksundet ved utløpet til Dåfjorden.

 

I Fiskaneset er stort sett alle tomtene selde og sjølv om nokre områder i bygda er regulerte for bustadformål ser ein ein kommande mangel på tilgjengeleg byggeland i bygda.

​

Dåfjord Næringsforum ynskjer difor å vere pådrivarar for etablering av eit eller fleire nye bustadfelt i krinsen dei kommande åra. 

​

I tillegg til å kunne tilby attraktive tomter til dei som ynskjer å etablere seg i Dåfjorden ser ein også på moglegheitar for å prosjektere ulike konseptløysningar som "seniortun", rimelege fyrstegongs etablerarbustadar mm. 

​

Arbeidet med å få på plass nye bustadområder er no komen godt i gang og vert jobba fram av Dåfjord utvikling AS.

​

Ta gjerne kontakt om det er noko dykk lurer på! 

​

​

bottom of page