Næring

Næringsliv er kanskje ikkje det fyrste ein forbind Dåfjorden med.

I dag er det ca. 35 personar som har sitt virke i bygda, fordelt på bla, fiskeri, skule, barnehage, frisør og slipp.

 

Arbeidsplassane er med på å skapa aktivitet og bidrar til ei levande bygd. Dåfjord Næringsforum ynskjer difor å legga til rette for meir verdiskapning og arbeidsplassar i Dåfjord både direkte som pådrivarar til arealplanlegging og tilrettelegging av fasilitetar samt indirekte gjennom arbeid for betre veg, kollektivtilbod og mobildekning.

Ynskjer du meir info om moglegheiter for næringsverksemd i Dåfjord, eller kva næringsforumet jobbar med? Under "Dåfjord Næringsforum" finn du meir om temaet, samt kontaktinformasjon.