top of page
  • Forfatterens bildeAdmin

Nytt bustadområde under planlegging

Dåfjorden har hatt ei fantastisk vekst dei siste åra. I Fiskaneset er alle tomter selde og me har lenge sett behov for nytt byggeland.


For å fortsette den gode utviklinga jobbar Dåfjord Næringsforum difor i desse dagar med å legge til rette for at bla. området over Selevik skule og kunstgrasbanen blir ein del av eit større framtidig bustadområde.


Området ligg vestvendt og solrikt til med fantastisk panoramautsikt over Stokksundet og Bømlalandet.


Det planlagde bustadområdet ligg i flott natur med barneskule, SFO og nærmiljøanlegg kun eit steinkast unna, samt fleire flotte turløyper i umiddelbar nærleik.

Får DNF det som dei vil kan dette om få år vere eit nytt bustadområdet i Dåfjorden

I tillegg til einebustadar og bustadtomter vurderer ein også å legge til rette for ulike konsept som seniortun og bustadar for 1. gongs etablerarar.


Meir informasjon om planane kjem etterkvart!


Interessenter må gjerne ta kontakt.

Kontaktinformasjon finn ein under menyen til Dåfjord Næringsforum.












57 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
bottom of page