• Admin

Julemarknad og Loppemarknad i Westerheim

Mange tok turen i til Westerheim gard Laurdag 17 og Søndag 18 November, der Bente og Bjørn Westerheim hadde inviterte til kosleg kafe, julemarknad og loppemarknad.

Her kunne ein handle flott handarbeidsprodukt frå prosjektet "helping hands", gjere gode

loppekupp og ikkje minst slå av ein prat med naboar og kjente i den fine kafeen.


Inne kunne ein sikre seg både kaker, kaffi, boller og nysteike (veldig gode!) lappar medan det var lagt opp til grilling av pølser ute i glitrande vintersol.


Nydeleg vinterver skapte flotte rammer rund arrangementet, som me håpar kan bli ein førjulstradisjon i bygda!


Initiativet var i regi av Kristent fellesskap og all inntekta frå salet går uavkorta til fattige familiar på Fillipinene.


PS: Det blir også mogleghet til å kjøpte dei flotte produkta frå "helping hands" på julemessa 09.Desember.



13 visninger