top of page
  • Forfatterens bildeAdmin

Internasjonal kafè i strålande haustsol

07. September var det duka for Dåfjordens fyrste internasjonale kafé, eit gratis arrangement skipa av LivOGLyst Dåfjorden.


Dei rundt 150 store og små som tok turen til «Vervet» og fekk smaka mat frå bla. Kina, Malaysia, Filippinene, Nederland, Polen, Latvia, Noreg, Tyskland og Thailand og drøst med naboar i strålande solskinn.



I tillegg var forslaga frå idedugnadane tidlegare i år presentert på ein vegg der alle fekk

Ikkje lett å velge tre forslag

anledning til å studere forslaga og velje ut sine tre favorittprosjekt.




Tusen hjartelag takk til alle som var med å bidra, og ikkje minst Steinar som stilte vervet til rådigheit. Me satsar på at dette kan bli starten på ein ny tradisjon og den fyrste «Dåfjorddagen»








PS: Fleire av oppskriftene frå kafeen vert lagt ut på Dåfjorden velforeining og Dåfjorden LivOGLyst sine Facebooksider.

134 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page