top of page
  • Forfatterens bildeAdmin

Fiskekonkuranse i båthavna

Grunna Korona restriksjonar er det i desse dagar utfordrande å stelle i stand sosiale møtestader.

Gjengen i LivOGLyst tok alikevel utfordringa og skipa to tilstekninger hausten/vinteren 2020 for sambygdingane.


Fyst ut var fiskekonkuranse.

I strålande septembervær møtte små og store opp til ein god gammaldags fiskekonkuranse i båthavna i Fiskaneset ein laurdag føremiddag.

Her vart det delt inn i klassar for både store og små, fiske frå land og i båt.







Medan deltakarane var i sving kunne dei litt mindre konkuransedrevne kose seg med fiskesuppe og nysteikte lappar i pop-up kafeen.


Konkuransen vart runda av med ei høgtidleg premieutdeling av ordførar Harald Rydland.



Status: Dette MÅ bli eit årleg arrangement!


7 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page