top of page
  • Forfatterens bildeAdmin

Dåfjord Utvikling AS Stifta

Med både nedre og øvre Fiskaneset så godt som ferdig utbygd, har ein ei tid sett behovet for meir byggeland i Dåfjorden. I 2018 byrja difor Dåfjord Næringsforum (DNF) kartlegging av potensielle område og arbeidet med å legge til rette for nye bustadområde i bygda.

Fiskaneset i Dåfjord er ferdig utbygd, noko som gir behov for nytt byggeland.

Områda Smieskogen og Skulehaugane er valt ut, foreløpige skisser, planar og intensjonsavtalar er på plass. Kanskje viktigast av alt, bustadprosjekta er forankra i ny samfunnsdel i kommuneplanen og ny vass og avlaupsplan i Fitjar kommune.


Dei fyrste grunnsteinane er dermed lagde prosjektet har byrja ta form og no står finansiering og reguleringsplan for tur. For å oppfylje rammene og behova til eit bustadprosjekt var det difor eit naturleg steg å stifte eit eige føretak til formålet.

Skulehaugane har vestvendte tomter med panoamautsikt over Stokksundet
Smieskogen vil få store, lune og solrike tomter med utsikt over Stokksundet og skogen, Stordfjella i bakkant og Botnatjødno i framkant.

Foreløpig skisse over bustadområda Smieskogen og Skulehaugane.

Dåfjord Utvikling AS er etablert for å jobba fram utviklingsprosjekt i Dåfjord, og skal stå for vidare framdrift i bustadprosjekta. Bak stiftinga av selskapet står Asgeir Andersen, Rune Helland, Linn Solveig Sørvik og Magnor Tverderøy.

Dåfjord Næringsforums vil fylje prosjektet tett som støttespelar.



Dåfjord Utvikling AS og bustadprosjekta vert presentert på DNF sitt årsmøte/medlemsmøte på Selevik skule 19. Mai.




63 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page