• Admin

NYHEITSBREV DÅFJORD NÆRINGSFORUM Utgåve 02

Hei alle dåfjordingar!


Det er allereie 8 månadar sidan vårt fyrste nyheitsbrev, og for nokre månadar det har vore!


Ein ny runde for å bevare Selevik skule har gått i vår favør.

Det er fantastisk å sjå korleis heile bygda nok ein gong klarte å mobilisera! Ei stor takk til alle saman!!!

Ein formidabel innsats og ei tung tid prega av stor usikkerheit ligg bak oss - No ligg ein enda større jobb framføre oss…

Dåfjord næringsforum ynskjer å ta steget frå å vera ei grend i vekst til å vere ei framtidsretta, robust bygd. Oppveksttilbodet skal tryggast, nye bustadområde tilretteleggjast og DNF ynskjer å skape rom for fleire arbeidsplassar og utvikling.




«Ein stor innsats og ei tid prega av stor usikkerheit ligg bak oss - no ligg ein enda større jobb framføre oss…»



Livoglyst – Kva er det?

Før jul fekk DNF tilsagn på søknad om å delta i utviklingsprosjektet «LivogLyst». Dette er eit program og nettverk som rettar seg mot utvikling av lokalsamfunn og ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommune samhandlar.

Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland

DNF ynskjer bla. å komma skikkeleg i gang med det me vel å kalla ein «Moglegheitsstudie i bygda. Der ein kartlegg behov, ynskjer og utfordringar der me særskilt ser på temaet «Gode møteplassar»

Moglegheitsstudia vert også ein del av grunnlaget for å sikra god kvalitet på innspel til kommunedelplanen for Dåfjorden som etter alt å døme vil starte opp i løpet av 2019/2020


DNF i sosiale medier

Dåfjord Næringsforum finn ein no både på Instagram og på Facebook. Nytt gjerne #VelkomenTilDafjorden så kjem biletet fram på DNF sin instagramfeed på heimesida. (ver obs. på personvern når ein tar bilete av andre!)

Bygdas eiga nettside har også fått eit enklare tilleggsdomene. Ein kan no nytte «dafjorden.com»

Nettsida har vore på plass nokre månadar Her finn ein info om bygda, aktivitetskalender, bilete og anna info. Her har også DNF køyrt fleire enkle spørjeundersøkingar, alle svara her har vore til stor hjelp. Resultata frå desse undersøkingane vart bla. nytta som grunnlag til høyringsuttalen i forbindelse med skulebruksplanen.

Innspel og oppdateringar til heimesida kan sendast til: dafjordnaeringsforum@gmail.com

Bli medlem!

For å få sving på bygda treng me fleire medlemmer, aktive som passive. Me treng dei som er gode på å planlegga, teikna, sosiale medier, motivera, samarbeide (og krangle litt). Me treng nokon som er gode på marknadsføring, har gode nettverk, overskot (og underskot) - (og alle variantar imellom 😊)

…og så skulle me veldig gjerne hatt ein god sekretær 😉! Bli med på laget du også!


Venleg helsing

Styret i Dåfjord Næringsforum

11 visninger